Foto av: Hilde Kristin Honnemyr
KulTur på sykkel Stangeland, Helleberget – Skjævelandsbrua – Vadesteinane
Helleberget: Stangelandshelleren er ein stor og monumental heller. Arkeologiske utgravingar i helleren blei førstgang utført mellom 1905 og 1909. Det mest spesielle funnet er bein frå okse som dokumenterer den eldste husdyroksen i Norge. Nyare undersøking i august 2020 tyder på at folk busette seg der allereie for 10.000 år sidan. I eldre jernalder vart Helleberget nytta til bygdeborg. Det er også tre bunkersar frå 2. verdskrig i området.
Skjævelandsbrua: Skjævelandsbrua blei bygt i 1853 som ein del av den Vestlandske hovudveg, og er den første brua i Rogaland bygt for køyretøy. Den er 100 meter lang, bygget som kombinert steinhvelv- og steinhellebru.
Vadesteinane: Gangsteinane over Figgjoelva er kjende frå før 1636, og har etter alt å dømma vore i bruk også i mellomalderen. Gangsteinane fungerte som del av kyrkjevegen frå gardane på Stangeland til Klepp kyrkje.